Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre

Heine Totland og Gisle Børge Styve - Musikk, folkens!

Overview

Heine Totland og Gisle Børge Styve er tilbake med sitt nye show!

Heine Totland og Gisle Børge Styve har klart å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trofast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å sette ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og sitt publikum.

Gisle Børge og Heine kom saman ved ein slags tilfeldighet i ein episode av Beat For Beat i 1999. Dei gjorde ein fantastisk versjon av klassikaren «He Ain´t Heavy», og den har seinare blitt eitt av dei mest populære klippene frå programmet på YouTube. Etter dette begynte dei frå tid til annan å opptre saman.
I 2006 bestemte dei seg for å lage eit heilt konsertprogram og begynne å gjere offentlege konsertar. Billettsalet var påfallande godt, og sidan har dei aldri sett seg tilbake.

I 2014 satte dei saman ei framsyning på sin eigen måte; og den blei kalt «Musikk e komme for å bli». Der forente dei nok ein gong sin musikalitet, humor, grenselause energi og rein skjær glede. Dei hadde premiere på Ole Bull i Bergen i november 2014 og på Latter i Oslo i januar 2016. «Musikk e komme for å bli» blei ein stor suksess og selde over 60 000 billettar, i Bergen, Oslo og på turne over heile landet

“Musikk folkens” startar der deira forrige framsyning slutta. De får høyre nye livsglade og humoristiske, men også ektefølte versjonar av songar vi alle kjenner.
«Musikk Folkens» er ei musikalsk humorframsyning av høg kvalitet. Styve & Totland briljerer med sin musikalitet og evne til å få fram ein god latter i møte med publikum. Denne gongen er det musikalske bildet/uttrykket utvida i stor grad. Gisle Børge har gått til anskaffing av ny mandolin, eit praktfullt orgel, eit Hammond B3 frå 1959, med krakk og pedalar!
Framsyninga hadde premiere 7. november på Ole Bull Scene i Bergen og 31. januar 2019 på Latter i Oslo. Du kan glede deg, no blir det Musikk Folkens!

Event
Få, om nokon, blir brukt oftare på firmaarrangement enn nettopp desse to. Deira humor og musikalitet har rett og slett tatt folk med storm!

Heine Totland – allsidig artist
Heine Totland er ein av landets fremste songarar, og ein fremragande entertainer. Han var i si tid med å starte «Gli Scapoli», har hatt hovudroller i musikalar som Mamma Mia, Buddy Holly The Musical, Chess, Les Miserables og Jesus Christ Superstar. Han har gitt ut to soloalbum og har også hatt fleire oppdrag med symfoniorkestre. Sidan 2011 har han også vore programleiar i programserien «Det norske måltid» på TV2, saman med Arne Hjeltnes. Han turnerer også jevnleg med bandet sitt Heine Totland´s Rock & Roll Circus.

Gisle Børge Styve – pianist og songar
Gisle Børge Styve er for dei fleste kjend som ein av dei to pianistane i programserien Beat for Beat på NRK, som etter tretten år har blitt ein av tidenes største norske programsuksessar. Mange veit at han er ein aldeles framifrå pianist, men alle er ikkje like klar over at han også syng svært bra, og at han har eit stort komisk talent. Gisle Børge har også et eige band, Gisle Børge Styve Trio, som besøkte Fosnavåg hausten 2018. Dei har gitt ut to album, og Gisle Børge er også komponist og tekstforfattar på ein del av songane.

  • Last Updated: 08.05.2019
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 12. september 2019 19:30 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Heine Totland og Gisle Børge Styve - Musikk, folkens!
Your Recently Viewed Pages