VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal HERØY (MØRE OG ROMSDAL)

Herøy Brass med julegjestar

Overview

Herøy Brass med julegjestar er tittelen for årets julekonsert. Med seg som gjestar har Herøy Brass vore heldige og fått med seg lokale kjente talenter.
Frida Eksund 18 år  frå Herøy har songje heile livet seier ho. Ho er kjent i Herøy for si vakre røyst. Ho har opptredd på lokale arangement ved fleire høve og ved UKM 2020 i Herøy gjekk ho videre i konkuransen. Frida har vore elev ved Herøy Kulturskule og har siste åra fått song timar hjå Elise Nærø. Saman med ho har vi vore heldige og fått med Andre Leikanger som kjem frå Larsnes.

Andre er også kjent i Herøy og omegn for si vakre røyst og elles sitt talent på å spele forskjellige instrument. Andre syng og spelar i dag i bandet Sytalaust som kjem opprinneleg frå Herøy. Han har vore vokalist i fleire oppsetjingar, Grease og Elton John for å nemne nokon. Han er vokalist på Feelt It, det fantastiske dinner showet som vi alle kjenner til frå Larsnes.
Ludvik Brune Leikanger 19 år frå Larsnes, spelar fast i Herøy Brass på solo kornett. Men Ludvik som er eit multi musikktalent som far sin Andre ,har vi denne gongen også fått med oss på piano. Ludvik spelar også trompet i Ulstein Storband og bass gitar i det kjente bandet IKNOW. Dette er eit band samansett av medlemmar i frå heile Sunnmøre. Ludvik spelar også i Gursken Skulekorps og er akkurat ferdig med tre år ved musikklinja i Volda.


I lag med Herøy Brass som har med seg sin eminente dirigent Kjellstein Knotten, vil disse skape og garantere ein konsert med god og varm julestemning. Du vil få høyre et knippe av nokre klassiske julelåter med intensitet,glød og kvalitet.
Som programleiar har vi fått med oss Nina Elisabeth Bøe. Herøy Brass har brukt henne som progarmleiar før,og er svært glade for ho takka ja til å være med oss også denne gongen. Med si varme røyst vil ho garantert lede oss fint igjennom konserten.
Kom og få julesteming i saman med oss.Velkommen skal du være.

  • Last Updated: 28.10.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

fr. 4. desember 2020 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Herøy Brass med julegjestar
Your Recently Viewed Pages