Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Hilmarfestivalen

Mer info

Hilmarfestivalen er ein av Noregs største folkemusikkfestivalar. Kvart år blir ca 150 artistar presenterte gjennom 70 – 90 ulike festivalarrangement. I 2023 sette vi publikumsrekord med nesten 14 000 besøkande. Programmet er tilpassa alle aldrar, med eige barneprogram og ungdomsprogram, og i tillegg med gratis inngang for alle under 12 år på sjølve festivalen.

Hilmarfestivalen har fokus på folkemusikk, men opnar òg dørene for musikk som lever på grensa av dette, eller vippar over mot heilt andre sjangrar. Festivalen har av media blitt omtalt som «en nasjonal begivenhet og folkefest» .

Sist oppdatert: 06/27/2024

Kilde: Innherred Reiseliv

Sider du nylig har besøkt