Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Historie om et ekteskap

Overview

Historie om et ekteskap etter Geir Gulliksen Kva skjedde?

 

Timmy og Jon lever eit behageleg liv saman, dei har barn, ein trygg, fin heim og eit godt sexliv. Saman har dei gjort draumane sine verkelege. Kanskje kan ein seie at dei har alt ein ynskjer seg? Likevel forelskar ho seg i ein annan, og han sit åleine att. Huset med livet deira stilnar. Bordet dei satt rundt. Familien. Kva skjedde eigentleg? Ho kan ikkje svare han. Så han forestiller seg kva som skjedde. Med henne.  

 

Geir Gulliksen går uredd inn i kjærleikens psyke. Han brettar ut spelet som fører, nådelaust, mot slutten, mot det utenkjelege, det me alle fryktar. Teksta til Gulliksen leitar med lupe etter alle dei små og store hendingane, kjenslene og tankane som gjer at kjærleik oppstår og tek slutt. For sjølv om me er, og oppfører oss annleis enn Jon og Timmy så er utfordringa den same: kvifor er det så vanskeleg å halde liv i kjærleiken med den me elskar?

 

Anders T. Andersen set i scene ei av dei mest omtalte bøkene i Noreg i fjor – som blant anna førte til ein nominasjon til Nordisk Råds litteraturpris. I rollene som Timmy og Jon møter me Nationaltheatrets Petronella Barker og Jonas Sjöqvist, til dagleg tilsett ved Folkteatern i Gøteborg. Det musikalske lydbiletet blir tolka av Tuva Livsdatter Syvertsen og videodesign/foto er ved Per Maning.

 

Historie om et ekteskap har urpremiere på Brageteatret 6. oktober 2017.

Forestillinga skal på turné i Buskerud og omegn, før dei avsluttar med gjestespel ved Nationaltheatet i veke 49.

Historie om et ekteskap er produsert av Brageteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

Medverkande: Regi: Anders T. Andersen. Skodespelarar: Petronella Barker, Jonas Sjöquist og Silje Storstein Musikar/songar: Tuva Syvertsen Fotograf/Videodesignar: Per Maning.

 

Forestillinga varar ca 1 time og 20 min utan pause.

NB! Kjøp tidlig rabatt (t.o.m 31.07.2017): Kjøpar du billettar innan utgongen av juli betalar du berre 275,- inkl gebyr. Normal pris 400,-

 

Gjer teaterkvelden til ein heilaften med middag i Hallingdal Feriepark før forestillinga. Billett inkl middag kr 645,-/ kr 570,-/ kr 520,-

  • Last Updated: 23.10.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

søn 29. oktober 2017 18:00

See All
Historie om et ekteskap
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad