Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre

Holum Trio

Overview

Holum Trio spelar ærlig og utadvendt improvisasjonsmusikk forankra i sterke komposisjonar.

Sidan starten i 2011 har trioen spelt over 70 konsertar i inn og utland og held stadig eit høgt aktivitetsnivå.

Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop. Dette resulterer i musikk som er utadvendt og tilgjengelig, framsynt og open. Med ei særeigen instrumentsamansetning der musikarane gjev rom for melodiske og dynamiske klangflater og vågar å la ein enkel melodi skape spenning, skapar trioen ny norsk og særeigen jazzmusikk.

I januar 2015 ga dei ut si første plate «Heim» på NORCD. Der denne plata er inspirert av Sunnmøres dynamiske natur og nostalgi og heimlengsel, søker deira nye låtmateriale utover landegrensene. Sidan den første plata har dei møtt mange nye kulturar og musikalske uttrykk på sine reiser og studier, og ønsker å implementere dette i sin musikk.

Plata «Borte» kjem på AMP Music 1.februar 2019 og fokuserer på trioen si musikalske reise sidan den første plata. Lyden av afrikanske rytmer, arabisk tonalitet, nordisk harmonikk og europeisk frijazz med ein fot fortsatt planta i Norge, utgjer grunnlaget for deira andre plate.

  • Last Updated: 24.01.2019
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 24. februar 2019 19:00 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Holum Trio
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad