Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Hornindal rundt - Norges tøffaste fjelløp

Overview

Hornindal rundt er eit fjelløp og ultraløp som går i eit flott skog og fjellterreng i Hornindal kommune. Løpet er 75 km langt, har ei total stigning på 5600 meter og passar for trena mosjonistar så vel som erfarne maraton- og ultraløpara. Utan om ein matstasjon ved 38 km vert det lagt opp til at løparane er sjølvforsynte med mat gjennom løpet.

Opplev den den spektakulære ruta frå lufta: http://www.hornindalrundt.no/pub/cms753.html

All påmelding skjer på nettsida. For påmeldingsfrist sjå: www.hornindalrundt.no.

Ordinært løp

Løparane må innom 20 trimpostar under løpet. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i heile Hornindal. Løypa går frå lågland til fjelltopp, ned til setrar, opp på toppar og ned igjen. Løypa er merka med prikkar og band, medan på postane er det o-postar og tenger for registrering på løparkort. Under løpet må løparane melde seg på 9 forskjellige bemanna kontrollpostar. Dette for sikkerheitsgrunnar og registrering av mellomtider som vert lagt ut på nettsida under løpet.

Antatt løypetid ligge mellom 15 og 30 timar. Det er innlagt ein post med stopptid/makstid (cutoff): Storesetra, 19 timar.

Løpet har tre greiner:

* Heilt løp: 75 km, ca. 5600 høgdemeter og 20 gjeldande postar.

* Halvt løp: 38 km, ca. 2900 høgdemeter og 11 gjeldande postar.

* Mini løp: 6 km. Sandgrova via Muldsvorhornet til Horndøla bru. Utan førehandspåmelding. Utan konkurranse.

Velkommen til ein vakker tur i variert natur!

  • Last Updated: 22.11.2016
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Dates
lørdag 8. juli 2017

See All
Click to activate
Hornindal, Norway
The latitude and longitude
61° 58' 7" N / 6° 31' 26" E
Hornindal rundt - Norges tøffaste fjelløp
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad