Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Stranda

Hurricane - The Songs of Dylan

Overview

”Hurricane” er igjen på plass i kulturhuset. Orkesteret, som hyllar Bob Dylan sitt skaparverk, spelar klubbkonsert fredag 2. februar.

Tom Raab er ein ekte tilhengar av Bob Dylan. Han er og ein god Dylan-tolkar, og både syng og spelar munnspel ganske likt originalen.

Å starte sitt eige band med berre Dylan-låtar på programmet var ein draum for Tom. No har draumen vore realitet i snart 10 år, og «Hurricane» har spelt konsertar i kulturhus, på utestader og i kyrkjer i store delar av fylket vårt. Bandet er i dag eit ekte rockeband. Halstein Kurseth på trommer, er kjend frå fleire samanhengar - helst frå ”Bluehorn Jazzband”. For å få den autentiske lyden, måtte det eit Hammondorgel til. Svein Arne Furset frå orkesteret ”JOY”, trakterer eit slikt, og takka straks ja til å vere med på prosjektet. I det siste har multi-intrumentalisten Morgan Pedersen kome med på gitarar. Peder Lundanes spelar bass, og far og son Sigurd og Geir Olav Drege er med på perkusjon, song og gitarar.

Publikum får høyre eit rikt utval av Bob Dylan sine fantastiske songar på fleire språk og i ymse stilartar, og både viser, blues, bluegrass og rock er med når Hurricane er på scena.

Gjesteartist: Timo "RollinRocket" Raab.

  • Last Updated: 05.12.2017
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

fre 2. februar 2018 21:00

See All
Hurricane - The Songs of Dylan
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad