Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

IMAGE IN MY MUSIC med Ragin Wenk-Wolff

Overview

IMAGE IN MY MUSIC

Eit multi media, multi dimensjonalt show "Inni mitt hode har musikken farger, former, teksturer og andre bilder. Tenk, nå kan du bli med inn og oppleve det selv også" Dette er ei reise inn i verda til ein musikar. 

Har du ikkje nokon gong lurt på korleis det ser ut inni hovudet til musikaren som står der på scena medan lyden strøymer ut?

Medverkande: Ragin Wenk-Wolff (fiolin), Tor Espen Aspaas (piano)

Konserten varar ca 1 time utan pause  

I oktober 2014 starta Ragin Wenk-Wolff med å invitere publikum med seg på ei magisk reise inn i si eiga indre verd, Image in my Music. På denne forestillinga fekk ein for fyrste gong oppleve kva Ragin ser i sitt indre når ho spelar på sin Stradivarius frå 1689; hennar multi-dimensjonale oppleving av musikken, som inkluderer fargar, former, bilete, teksturar, lys, mørke, tjukt, tynt, høgt, lågt, nært, fjernt, gjennomsiktig, solid, skiftande atmosfære, tema eller kva musikken handlar om. 

Ragin sitt multi-mediale konsert-show  kombinerer hennar eigen biletkunst med foto- og filmkunst av Kai-Wilhelm Nessler og er produsert av virtuell-teater designar Joachim Schamberger. Samtidig får ein oppleve musikken med heile 6 ulike kostymer, som harmonerer i Ragin sitt indre rike med fargane og atmosfæren til kvart nummer i programmet. Forestillinga er med andre ord både fargerik, stemningsfull og vakker.  

Ragin Wenk-Wolff frå Lindesnes har nettopp flytta attende til Noreg etter mange år i New York. Ho har bak seg hyppige radio- og TV-opptrednar, uroppføring og CD-innspelingar av fiolin-konsertar komponert for og tileigna henne, (m.a. av Johan Kvandal, Ragnar Söderlind, Knut Nystedt) med orkester som Royal Philharmonic i London,  og også utstillingar av eigen kunst på stader så ulike som Paris og Lyngdal, der ho samtidig også gav konsertar.

Den offisielle debutkonserten hennar i Aulaen i Oslo som 17-åring skapte sensasjon og gav henne Debutantprisen og utallige andre prisar, solist-opptrednar med alle dei store norske orkestra samt konsertar i Europa og USA.

Ragin Wenk-Wolff om det å ha synestesi (at sansane er blanda saman): "Det er en deilig verden å være i. Å forklare hvordan det er, blir som å forklare en blind hvordan det er å være seende, eller å forklare en døv hvordan det er å høre. Det er en ekstra dimensjon som jeg deler med publikum, sier hun."  - Fædrelandsvennen, 18. september 2013

Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte pianistane våre; professor ved Norges musikkhøgskole, ein allsidig musikkformidlar og grunnleggjar av kammermusikkfestivalen Vinterfestspill i Bergstaden på Røros. Han har vore solist med tallrike symfoniorkester i inn- og utland og mottatt ei rekkje utmerkingar, mellom anna Levinprisen 2005 og Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden i 2016. Aspaas fekk USA-debuten sin med ein solorecital i Carnegie Hall våren 2013 og han har meir enn eit dusin kritikarrosa CD-innspelingar bak seg. Han er fascinert av humor i musikk og improviserte parafraser, noko ein nok vil merke i denne forestillinga.

Idé/konsept, produsent, biletkunst og kostymer: Ragin Wenk-Wolff Virtual theater design og produsent: Joachim Schamberger Fotograf: Kai-Wilhelm Nessle Søm: Irene Nilsen https://www.youtube.com/watch?v=ib62izk4ky8&index=3&list=PL6bUPRVg2DIDYyInHTvMOj122D1qcwT2Q

  • Last Updated: 18.08.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

lør 25. november 2017 18:00

See All
IMAGE IN MY MUSIC med Ragin Wenk-Wolff
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad