Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga med Det Norske kammerorkester - JUL

Det blir julehøgtid og
juleglede når Ingebjørg og Odd tek med seg Det Norske Kammerorkester og lagar
storslått konsert i desember. Endeleg var tida inne for dei to songfuglane å
møtast i musikken som høyrer denne tida til: Julesongen.
Tre gonger før har Odd
Nordstoga teke med seg kammerorkesteret på juleturné, til fantastisk mottaking
alle stader. Kanskje ikkje så rart. Med femten av landets aller beste strykarar
leia av norsk orkestermusikks levande legende, Terje Tønnesen, er det lett å
bli reve med. Med musikk som spenner frå drivande barokkmusikk til Odd Nordstogas nye klassikarar, blanda med folkemusikk og dei finaste julesalmer,
kva er det som manglar då?
Ingebjørg Bratland
såklart! Og denne gongen er ho med. Femten år gamal stod ho framom ein mikrofon
på heimgarden til Odd i Vinje. Der song ho inn ein song som heitte «Jul i
Svingen». Lite ante ho då om kor kjent denne innspelinga skulle bli. Lite ante
ho at mange år seinare, om ho song den i eit kulturhus kor som helst i landet,
så ville alle i salen kjenne den. Men Ingebjørg kan meir enn å synge «Jul i
Svingen». Ingen har ei stemme som Ingebjørg, og no skal den for fyrste gong på
turné og synge jula inn. Det var på tide, for dette er det mange som gler seg
til.
I fjor gav Ingebjørg og
Odd ut sitt andre album saman, «Langt heimafrå», og la ut på ein stor turné.
Det vart ein stor suksess, med over 50 000 storfornøgde publikummerar frå nord
til sør. Men no er det jula det skal handle om. Ingebjørg, Odd og Det Norske
kammerorkester skal lage ein julekonsert som berre dei kan gjera det. Vel møtt
til eit heilt unikt samarbeid. På scena er det nitten mann. Sytten fantastiske
musikarar, to flotte artistar og den beste musikken. Det skal bli – JUL!

På scena:
Odd Nordstoga
Ingebjørg Bratland
Thomas Gallatin: Trommer
Bjarne Gustavsen: Piano
Det Norske Kammerorkester

Konsertmeister: Terje Tønnesen

Sist oppdatert: 05/18/2024

Kilde: VisitMOSS AS

Sider du nylig har besøkt