Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Det Norske Teatret, Scene 3

Inkognito

  • Kristian IVs gate 8, Oslo
  • 22 42 43 44
  • 17. november 2016 - 10. februar 2017
  •  /  20:00
  • (16 Upcoming Dates)
Overview

I Nick Paynes Inkognito blir tre historier vovne saman over ein epoke på 60 år. Forestillinga undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske.

Princeton, New Jersey. 1955: Thomas Stolz Harvey har akkurat gjort ein obduksjon av den nyleg avlidne Albert Einstein. Utan å tenkje seg om, tar han hjernen hans, kuttar han opp i små bitar og konserverer dei på glas. Han håpar å kunne løyse gåta om kvifor Einstein var eit geni, gjennom å finne fysiske bevis for dette i hjernen. Dette fører han ut på ei livslang søking etter ei flyktig sanning som kanskje ikkje finst.

Bath, England. 1953: Henry Maison, knapt 20 år og trulova, lir av sterke epileptiske anfall. Han blir utsett for eit kontroversielt hjernekirurgisk inngrep i håp om å bli kvitt dei. Operasjonen endrar Henrys liv og nevropsykologien for all framtid. Epilepsien forsvinn, men det gjer òg Henrys evne til å lagre nye minne.

London, England. I dag: Martha Murphy er nevropsykolog. Etter ei skilsmisse tek ho radikalt andre val enn ho gjorde før, og erklærer personlegdommen eller “sjølvet” for ein illusjon.

Nick Payne (f. 1984, Storbritannia) er blitt kjend for å kombinere samfunnsaktuelle tema, ofte frå vitskapen, med kloke observasjonar av oss menneske. Payne skriv gjerne stykka sine basert på research, intervju med vitskapspersonar eller menneske som har erfaringar med eit tema. Inkognito blei til etter at han tilfeldig kom over historia om patologen som stakk av med Einsteins hjerne.


Inkognito
Av Nick Payne

Omsetjing: Gunstein Bakke
Regissør: Peer Perez Øian
Dramaturg: Anders Hasmo Dahl/Ingrid Weme Nilsen

På scenen: Ola G. Furuseth, Ellen Birgitte Winter, Kaia Varjord, Frank Kjosås

  • Last Updated: 16.11.2016
  • Source: VisitOSLO as
Dates
torsdag 17. november 2016

lørdag 19. november 2016

fredag 25. november 2016

tirsdag 29. november 2016

torsdag 1. desember 2016

tirsdag 6. desember 2016

torsdag 8. desember 2016

tirsdag 20. desember 2016

onsdag 21. desember 2016

torsdag 22. desember 2016

tirsdag 27. desember 2016

torsdag 5. januar 2017

lørdag 7. januar 2017

torsdag 19. januar 2017

onsdag 1. februar 2017

fredag 10. februar 2017

See All
Click to activate
Oslo, Norway
The latitude and longitude
59° 54' 54" N / 10° 44' 19" E
Inkognito
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad