Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Jazzgalleriet: Andreas Friis Jørgensen tolkar Per H. Indrehus (II)

Tekstane Per komponerte til er lyrikk av  Olav H. Hauge, Inger Hagerup og Rolf Jacobsen. Det musikalske uttrykket spenner frå swing, til bossa, blues og balladar, og vi er også innom folketonar og spirituals som Per lot seg inspirere av.

Gjennom nesten 40 år som komponist, arrangør, utøvande musikar og pedagog sette Per H. Indrehus tydelege spor etter seg både lokalt og nasjonalt. Han var oppteken av, og er særleg kjend for evna si til å kryssa tradisjonelle skilleliner, og drivkrafta hans var at musikken er eit språk som er sams for alle. Som pedagog var han svært avhalden. Andreas har fartstid som dramapedagog ved Åsane Folkehøgskule og møtte Per i felles prosjekt med Voss folkehøgskule kor Per var tilsett i ei årrekke. Pianist i husbandet, Øystein Kvinge, var ein av dei siste pianoelevane til Per før han gav seg som lærar på Voss folkehøgskule.

JazzGalleriet er lokal ettermiddagsjazz, servert ein gong i månaden i kunstgalleriet Småsalen i Fana kulturhus. Her vil du høyre det faste husbandet med gjester framføre inspirerte tolkingar av eit variert jazzrepertoar. Bruk laurdagen til eit musikalsk møte med nye fjes og stemmer frå floraen av fanabuar og bergensarar elles som syslar med levande musikk!

Husbandet:
Øystein Kvinge: piano
Peter Sæverud: bass
Jan Tore Ness: trommer
Gjest: Andreas Friis Jørgensen: vokal og tekstar

Bill.: kr. 200,- ordinær / 150,- honnør/ungdom/stud. Barn u/16 gratis.
Fana kulturhus, Småsalen 25.5.2024 kl. 14:00.
Arrangementet er støtta av Bergen kommune

Sist oppdatert: 05/22/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt