Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Johnny Cash-tribute m/ The Boys Named Sue

Overview

"Folsom Prison", "Ring of Fire", "Jackson, It ain't me", "Ghostriders", "Get Rythm", "Walk the Line", "Highwayman", "San Quentin", "Hey Good Looking"......

 

Lista held fram, og du får høyre dei alle i Ål kulturhus denne kvelden. Det er få artistar som kan vise til same status og suksess som The Man in Black - Johnny Cash!

 

The Boys named Sue hyller Johnny Cash med autentiske og rocka tolkingar av låtar frå heile den 46 år lange karrièren til ein av dei mest viktige og respekterte musikarane i Amerika.

 

Bandet har rykte på seg for å levere eit show som gjev publikum kjensla av å vere i eit sveitt konsertlokale i Nashville attende på 50-talet, der både rocke- og dansefoten aldri er langt unna.

 

Så seriøst har bandet tatt oppgåva, at dei markerte 60 årsjubileet for singelen Walk the Line med å spele tre konsertar for dei innsette i Ringerike Høysikkerhetsfengsel.

 

Ein tydlegare referanse til originalen skal ein leite lenge etter. Med stor respekt, litt ung virilitet og rockabilly-faktoren skrudd opp nokre ekstra hakk tilnærmar The Boys named Sue seg musikken til Cash, og bandet kan garantere ein kveld med mange musikalske høgdepunkt, stødig cowboytakt og masse allsang.

  • Last Updated: 23.08.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

lør 30. september 2017 19:00

See All
Johnny Cash-tribute m/ The Boys Named Sue
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad