VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland TIME

Johnny Red & the Prayerhouse People EKSTRAKONSERT

Overview

6. november gjev Johnny Red and The Prayehouse People ut tredjeskiva si, «To Moritz», ein dedikasjon til entreprenøren og kosmopolitten frå Haugesund som vart ein av dei fyrste jødane tyskarane deporterte under andre verdskrig. Moritz Rabinowitz vart sparka ihel utanfor ei av brakkene i Sachsenhausen i 1942. 

Mange av songane på albumet går djupt ned i den menneskelege vondskapen, men håpet og det gode vert òg lyfta fram. Historia lyt gjenta seg, slik mang ein klok observatør har merka seg opp gjennom tida. Den einskilde gjer lurt i å kjenna henne og arbeida for å unngå å trakka opp i hennar mørke fotspor.

Musikals spenner det vidt denne gongen, frå rock til folk, frå trøkk til det sarte. Dei som har høyrt Johnny Red and The Prayerhouse People før, vil både kjenna seg att og finna nye element i «To Moritz».

Torsdag 5. november speler bandet releasekonsert på Mellombels. Dette vert eit av særs få høve til å få høyra bandet denne hausten.

  • Last Updated: 19.08.2020
  • Source: Region Stavanger
Dates

to. 5. november 2020 18:00 19:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Johnny Red & the Prayerhouse People EKSTRAKONSERT
Your Recently Viewed Pages