VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland STAVANGER

Johnny Red & The Prayerhouse People

  • Lars Herterviggt.5, Stavanger
  • +47 51532245
  • 20. november 2020
  •  /  19:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

6. november gjev Johnny Red and The Prayehouse People ut tredjeskiva si, «To Moritz». Fredag 20. november blir det full trøkk på Checkpoint Charlie. Dette vert eit av særs få høve til å få høyra bandet denne hausten.

6. november gjev Johnny Red and The Prayehouse People ut tredjeskiva si, «To Moritz», ein dedikasjon til entreprenøren og kosmopolitten frå Haugesund, som vart ein av dei fyrste jødane tyskarane deporterte under andre verdskrig. Moritz Rabinowitz vart sparka ihel utanfor ei av brakkene i Sachsenhausen i 1942.
Mange av songane på albumet går djupt ned i den menneskelege vondskapen, men håpet og det gode vert òg lyfta fram. Historia lyt gjenta seg, slik mang ein klok observatør har merka seg opp gjennom tida. Den einskilde gjer lurt i å kjenna henne og arbeida for å unngå å trakka opp i hennar mørke fotspor.
Musikalsk spenner det vidt denne gongen, frå rock til folk, frå trøkk til det sarte. Dei som har høyrt Johnny Red and The Prayerhouse People før, vil både kjenna seg att og finna nye element i «To Moritz».
Fredag 20. november blir det full trøkk på Checkpoint Charlie. Dette vert eit av særs få høve til å få høyra bandet denne hausten.
Dei to føregåande albuma har motteke strålande kritikkar, blant anna frå Stavanger Aftenblad sin anmeldar, som to gonger har trilla femmaren på terningen.
Musikkbloggen "Dust of Daylight" skreiv of debutalbumet: "Det er sjelden jeg føler meg så filleristet etter å ha hørt en ny plate. Og at lille Norge kan produsere et band som dette, og låter og tekster som dette er en temmelig nydelig tanke – der Johnny Red & The Prayerhouse People blander vestlandske og amerikanske tradisjoner og lager en maktdemonstrasjon av en plate som vil bli stående som et av årets aller aller beste album."

  • Last Updated: 22.09.2020
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 20. november 2020 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Johnny Red & The Prayerhouse People
Your Recently Viewed Pages