Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Jokke på jærsk: En Hyllest til Joachim Nielsen @ Ogna Scene

Mer info

Jokke på jærsk: En hyllest til Joachim Nielsen på Ogna Scene.

8. september 2024 ville Joachim «Jokke» Nielsen ha blitt 60 år, og i den anledning, eller rettare sagt to dagar før 60-årsjubileet, får me besøk av to lokale band, Krøsteleg folkeparti og Skifteretten, som skal spela både songar skrivne av Jokke og eigenskrivne songar inspirert av Jokke. Begge banda bidreg med kvar si Jokke-tolking til ei tributeplate som vert utgitt av Fucking North Pole Records i september.

Krøsteleg folkeparti er eit einmanns folk-pønkband frå Sandnes med jærske tekstar som omhandlar alt ifrå drikking og pessimisme til meininga med livet og det å verta vaksen. Studioversjonane av songane er akkompagnert av gitar, bass og trommer, men live vert songane framført akustisk.

Skifteretten er eit rockeband frå Stavanger som syng på stavangersk. Bandet speler tøff pønkinspirert rock med fengande gitarriff, drivande trommer og allsongvenlege refreng, eller «sjikkelige Stavanger-rock med Jokke-inspirerte takter» som Aftenbladet har omtalt bandet som. Dette er gode greier!

Sist oppdatert: 07/20/2024

Kilde: Region Stavanger

Sider du nylig har besøkt