Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Vestfold og Telemark HJARTDAL

Jol m.m. – konsert med Kjetil Flatland

Overview

Etter ein lang periode nærmast utan konsertar har me gleda av å kunne invitere Kjetil Flatland og Helge Wahl Flatland til å halde førjulskonsert i Hjartdal kyrkje laurdag 11.desember kl 18!

Etter ein lang periode nærmast utan konsertar har me gleda av å kunne invitere Kjetil Flatland og Helge Wahl Flatland til å halde førjulskonsert i Hjartdal kyrkje laurdag 11.desember kl 18!

Telemarkingen Kjetil Flatland er etter kvart eit kjent namn for mange. Med sine to albumutgjevingar har han hausta brei anerkjenning som musikar og songskrivar. «Jeg har umiddelbart fått meg en ny favoritt», skreiv Tor Hammerø i Nettavisen, og Nrk P1 trilla terningkast 5 for albumet «Hyttetankar». Kjetil Flatlands filosofiske og livanskuande viser – ofte med naturen som kulisse – appellerer til fleire generasjonar, og eit stadig aukande publikum får øyrene opp for songaren og saksofonisten frå Seljord.
Hans slektning og mangeårige makker Helge Wahl Flatland er ein anerkjent og mykje bruka musikar. Med sitt kjenslevare og virtuose spel tryllar han fram harmoniar og melodiar, som underbyggjer og framhevar tekst og stemningar.

I Hjartdal kyrkje laurdag 11.desember serverer Flatlandkarane kjente og kjære julesongar ispedd folketonar og eigenkomponert musikk i ei perle av ein konsert, som med rette blir kalt «Jol m.m.».

Me håpar mange finn vegen til Hjartdal kyrkje denne kvelden – velkomen!


Billettar i døra: 200,-. Me tek Vipps og kontant.

  • Last Updated: 01.11.2021
  • Source: Telemarkreiser AL
Dates

lø. 11. desember 2021 18:00 19:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Jol m.m. – konsert med Kjetil Flatland
Your Recently Viewed Pages