Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Jolajazz 2017

  • Park Hotel Vossevangen, Uttrågata 1-3, Voss
  • 56 52 99 11
  • 29. desember 2017
  •  /  21:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Endeleg nærmar det seg den tida på året at me kan presentera årets Jolajazz!

Visste du at Jolajazz er ein tradisjon som går heilt tilbake til Vossa Jazz sitt andre år? Ikkje så rart, kanskje: Blandinga av kvalitetsmusikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola!

Me begynner med Badnajolajazz kl 15:00 i Vossasalen:

Hei Kalas! med Heidi Marie Vestrheim i spissen syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morsame på ein trist måte eller triste på ein morosam måte. Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting. Kvifor vil nokon segla i eit badekar heilt til Australia og kvifor står alt det gode på øvste hylle, slik at ein ikkje rekk opp? Det handlar om at det står mykje rart i avisa, som for eksempel at ein mann set fyr på sin eigen godteributikk. Kvifor vil nokon det?

Gjennom fine og rare små historier vil Hei Kalas! med humor og speleglede formidla det som engasjerer dei mest – undringa og funderinga over at alt er som det er.
​​​​​
Det vert og song og musikk av og med Badnajazzkoret og samkoma etter konserten i Vossajuvet!

 

Så riggar me om før me opnar dørene for dei vaksne med Jolajazz frå kl 21:00 og utover:

Trøen/ Arnesen kvartett – premiere!
Trøen/Arnesen kvartett er eit nystarta band som byr på heftig swing-jazz og saftige balladar. Med eit aldersspenn på fleire generasjonar og erfaring frå ulike sjangrar og epokar samlast dei fire musikarane rundt ein felles kjærleik for “den gode gamle jazzen”.  Med ideal frå jazzens øvste hylle finn dei inspirasjon frå store namn som John Coltrane, Keith Jarrett, Joe Henderson og Dexter Gordon. Kvartetten tek dei med seg jazztradisjonen inn i eigne komposisjonar, samt eigne tolkingar av gamle perler. Her vert det både swing og god jazzkok!

Microbandet
Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i over fem år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med raddbrekking/forbetring av andre sine låtar. Som alle seriøse microband, har dei valt å fokusera særleg på julehøgtida, og før dei eigentleg hadde hatt sin fyrste spelejobb, hadde dei spelt inn ein julesingel, som vart trykt på raud vinyl. Den er det sjølvsagt fleire att av, sjølv om dei ikkje trykte opp særleg mange. Elles vel dei ut nye og gamle klassikarar som dei framfører med stor innleving og nesten reine harmoniar innimellom. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet. Mottoet “ingen forventningar” innfrir dei gong på gong med si blanding av tostemt song og masing i stereo. At begge har lang fartstid i presseavdelinga til Vossa Jazz gjer jo at det berre er superlativ publikum kan kasta på denne sjarmerande duoen!

Neil Young på norsk
ReHarvest
 gjendiktar den canadiske helten Neil Young sitt kanskje mest populære album «Harvest» til si tid, sitt språk og sitt landskap. ReHarvest hadde sin fyrste konsert på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i mai 2015, og då måtte ein skipa til ekstrakonsert for å møta billettetterspurnaden. Alle i bandet har tilknyting til Ulvik. I tillegg til gjendikting av Neil Young-låtar vil det bli spelt ein og annan låt av andre artistar, som ei ekstra jolegåve til Jolajazzen sitt publikum. Dette vert nok populært!

Voss storband med gjester
Voss sitt eige storband har nytta hausten til å henta fram musikk frå gamle filmperler som The Commitments og Blues Brothers. For at dette skal svinga skikkeleg har ein henta inn l(v)okale krefter så her er det berre å gjera klar arbeidande dansesko og repetera gamle songskattar.

DJ Finborud
Ein suksess er til for å verta gjentatt og det gjer me gledeleg. Få andre kan få jolajazzarane til å aldri villa heim att; vår eigen DJ Finborud avsluttar ballet og du er med til den siste rytmen har ljoma i Vossajuvet.

Billettar får du kjøpt hjå TicketCoDersom du ynskjer middagspakke, dvs. tre-retters middag og Jolajazzbillett, kjøper du dette hjå Park, i resepsjonen eller på telefon 56 53 10 00.
 

Velkomen!

  • Last Updated: 07.12.2017
  • Source: Destinasjon Voss AS
Dates

fre 29. desember 2017 21:00

See All
Jolajazz 2017
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad