VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland

Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen // Ogna Scene

  • Nordsjøvegen 4246, Sirevåg
  • +47 51438220
  • 5. september 2020
  •  /  20:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Vi kan endelig ønske Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen velkommen til Ogna Scene. Det blir trang om plassene så sikre deg billett på forhånd! 

Vi kan endelig ønske Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen velkommen til Ogna Scene. Det blir trang om plassene så sikre deg billett på forhånd! 

Sagt om Hjørnevik: «Hjørnevik er Norges mest håreisande lyrikarhelt». Are Kalvø, komikar
«Eg ler like godt kvar gong». Christine Hope, komikar
«Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. Med sine rare og ustyrtelig morsomme dikt». Stand Up Bergen
«Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak». Thorvdald Steen, forfattar
«Du kan ikkje leva av å lesa dikt». Mor til Hjørnevik
«Fy faen så jævlig bra Hjørneviken». Full mann, frå Askøy

Jon Hjørnevik er dessverre frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ønskje Hjørnevik - heretter kalla forfattaren - velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vere til stades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå første dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn.

Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.

Forfattaren stakk frå sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv.

Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og halsbrekkande diktsamlingar: I ein sofa frå Koera, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset, Heimekontor i gravferda og Ikkje alle gjorde motstand under krigen.

  • Last Updated: 06.01.2020
  • Source: Region Stavanger
Dates

lø. 5. september 2020 20:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen // Ogna Scene
Your Recently Viewed Pages