Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland ALVER

Jubileumshelg med Toccata, Caps og What it is

Overview

Vel møtt til JUBILEUMSKVELD Fredag 20. Mai i ungdomshuset Nyheim på Fammestad!Kløvheim ungdomslag feirar 100 år i 2022, og dette vert markert med fleire arrangement i løpet av året.Gjekk du på dans i "gamle dagar", og har gode minner frå kveldar med levande musikk på dei lokale scenene i distriktet? Då er dette kvelden for deg!På programmet denne kvelden står konsertar med både originalbesetninga i Toccata, som gjer sin andre konsert saman sidan glansdagane på 1970-talet, og ikkje minst det lokale bandet Caps som speler opp til dans.
Reidar Konglevoll kjem også, og skal fortelje om dansekulturen som han har dokumentert grundig i boka si "På Dans" som også vert å kjøpe denne kvelden.Vi lovar ein triveleg kveld med god musikk, fine folk, og lun stemning! Vel møtt, og ta med alle du kjenner.

Toccata er:
Ivar Atle Fjordheim - trommer / vokal
Asle Hindenes - gitar / vokal
Johannes Totland - gitar / vokal
Bjørnar Eide - bass / vokal
Oddvar Eide - tangentar / vokalCaps er:
Elin Mattevik - vokal
Erling Hodneland - vokal
Geir Inge Veland - gitar
Kåre Tvedt - keyboardLyd og lys er levert av Jon Martin Skauge i JMS Musikk.

Grunna servering er det 18 års aldersgrense denne kvelden.
Du kan kjøpe billett til kun fredag for 200,- kr, eller billett til både fredag og laurdag og dermed få med deg pub og konsert med Dire Straits-coverbandet What It Is laurdag kveld i tillegg for 350,- kr totalt.Vi oppmodar sterkt til å kjøpe billett på nett på førehand!Vel møtt!

Kløvheim Ungdomslag inviterer til jubileumspub Lørdag 21. Mai i ungdomshuset Nyheim på Fammestad!I tillegg til servering vert det levande musikk frå kl. 22:00 og utover, med full trøkk frå gjengen i tribute-bandet What it Is! Bandet tek eit grundig dykk i både Dire Straits og Mark Knopfler sine katalogar, og kan love ein kveld med hits og udødelege låtar som perler på ei snor. Me gler oss!

Bandet er:
Henning Hodne Mjanger - gitar/vokal
Åsmund Kvinge - gitar/vokal
Øyvind Mjanger - bass
Brynjar Mjanger Eide - trommer
Arnt Thyve - orgel.Arrangementet har 18 års aldersgrense.


Billettar: 250,- / 200,- for medlemmer i Kløvheim Ungdomslag. Kontakt oss på kontakt@klovheimungdomslag.no for å melde deg inn i ungdomslaget.

OBS! De som kjøpte billett til denne konserten i haust, kan sjølvsagt nytte denne. Dørene opnar kl 20:00.Vel møtt!

  • Last Updated: 20.05.2022
  • Source: Visit Bergen
Dates

fr. 20. mai 2022 20:00 2:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Jubileumshelg med Toccata, Caps og What it is
Your Recently Viewed Pages