VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Jubileumskonsert Den Blå Timen Sindre Løvik & KnarGars

Overview

"Frå pub til katedral"

Sindre Løvik & KnarGars

Idéen til konseptet "Frå pub til katedral" vart unnfanga av Ståle Helvig og Sindre Løvik i samband med "Trebåtfestivalen" i Ulsteinvik i 2018.
Tanken var å syne at "verdsleg musikk", i dette høvet irske folkesongar (pub-songar), godt kan framførast i ei kyrkje (katedral).

Og kvifor ikkje? Desse songane handlar om krig og fred, arbeid og slit, død og sorg, om fest, dans, glede og kjærleik. Kort sagt om livet.
Og livet kan me godt ta med inn i kyrkja. Kva skal me elles ta med?

Konserten slo så godt an at det vart reprise i 2019. Som lokalavisa Vikebladet/Vestposten skreiv:
"Ein av publikumssuksessane under Trebaatfestivalen i fjor var "Frå pub til katedral"-konserten med Sindre Løvik og kompanjongar. no satsar dei i Ulsteinkyrkja pånytt."

Sindre Løvik (song/gitar), frå Dravlaus i Volda kommune, har hatt musikk som hobby i mange år. Han har både norsk, amerikansk og irsk musikk på repertoaret, men den irske folkemusikken er vel den som ligg hjarta hans nærast.

KnarGars:
På 1970-talet møttest to karar på gymnaset i Volda. Karane var Rune Garen (song/4- og 5-strengs banjo), frå Dravlaus i Volda kommune, og Oddvar Knardal (song/gitar), frå Rovde i Vanylven kommune.
Resultatet vart, mellom anna, duoen "KnarGars". Dei har saman, og kvar for seg, spelt og underheldt i mange samanhengar.

Morten Bollerud (song/trekkspel/bodhrán), frå Kongsberg, er den einaste av desse 4 karane som er profesjonell musikar og jobbar m.a. som organist i Volda. På denne konserten er det bodhrán (irsk tromme) og trekkspel han trakterer.

Det er ikkje "finslipt" studiomusikk som vert framført på denne konserten. Det er litt "rufsete", som livet sjølv kan vere avogtil.
Som Ronnie Drew sa om "The Dubliners": "What you see is what you get!"

Få billetter ved dørene og Hoopla.no

Mer info på facebook - sandøyakademiet https://www.facebook.com/sandoyakademiet/

  • Last Updated: 06.04.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lø. 24. juli 2021 15:00 16:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Jubileumskonsert Den Blå Timen Sindre Løvik & KnarGars
Your Recently Viewed Pages