Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

JUL - Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester

Det blir julehøgtid og juleglede
når Ingebjørg og Odd tek med seg Det Norske Kammerorkester og lagar storslått
konsert i desember. Endeleg var tida inne for dei to songfuglane å møtast i
musikken som høyrer denne tida til: Julesongen.
Tre gonger før har Odd Nordstoga
teke med seg kammerorkesteret på juleturné, til fantastisk mottaking alle
stader. Kanskje ikkje så rart. Med femten av landets aller beste strykarar leia
av norsk orkestermusikks levande legende, Terje Tønnesen, er det lett å bli
reve med. Med musikk som spenner frå drivande barokkmusikk til Odd Nordstogas
nye klassikarar, blanda med folkemusikk og dei finaste julesalmer, kva er det
som manglar då?
Ingebjørg Bratland såklart! Og
denne gongen er ho med. Femten år gamal stod ho framom ein mikrofon på
heimgarden til Odd i Vinje. Der song ho inn ein song som heitte «Jul i
Svingen». Lite ante ho då om kor kjent denne innspelinga skulle bli. Lite ante
ho at mange år seinare, om ho song den i eit kulturhus kor som helst i landet,
så ville alle i salen kjenne den. Men Ingebjørg kan meir enn å synge «Jul i
Svingen». Ingen har ei stemme som Ingebjørg, og no skal den for fyrste gong på
turné og synge jula inn. Det var på tide, for dette er det mange som gler seg
til.
I fjor gav Ingebjørg og Odd ut
sitt andre album saman, «Langt heimafrå», og la ut på ein stor turné. Det vart
ein stor suksess, med over 50 000 storfornøgde publikummerar frå nord til sør.
Men no er det jula det skal handle om. Ingebjørg, Odd og Det Norske
kammerorkester skal lage ein julekonsert som berre dei kan gjera det. Vel møtt
til eit heilt unikt samarbeid. På scena er det nitten mann. Sytten fantastiske
musikarar, to flotte artistar og den beste musikken. Det skal bli – JUL!
 
På scena:
Odd Nordstoga
Ingebjørg Bratland
Thomas Gallatin: Trommer
Bjarne Gustavsen: Piano
Det Norske Kammerorkester
Konsertmeister: Terje Tønnesen

Sist oppdatert: 05/24/2024

Kilde: Visit Indre Østfold

Sider du nylig har besøkt