Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Bergen

Juleønske

  • Øvre Ole Bulls plass 6, Bergen
  • 55 22 2020
  • 4. desember 2017 - 19. desember 2017
  • (14 Upcoming Dates)
Overview

Kjenner du nokon som du trur ville bli glad for eit juleønske? Nokon som treng at du sender dei ein ekstra kjærleg tanke no som vi alle gler oss så veldig til jul?

Aurora og Stella er bestevener. Saman plar dei danse med snøkrystallane som dalar ned på isen på deira hemmelege stad i skogen. Til jul har dei begge ønska seg kvite skøyter. Dei drøymer om kor vakkert det skal bli når isen ligg blank på vatnet, stjernene lyser over dei og dei skal virvle rundt kvarandre i nydelege piruettar. Bestevener for evig.

Men så skjer det noko som riv draumen til Aurora og Stella ned. Dei to jentene vert nøydde til å spørje seg sjølv: Kan ein danse i hjarta til nokon som ikkje er der? Kva kan ein gje når det største ønsket ikkje kan oppfyllast?

Kan ein vere bestevener sjølv om ein ikkje er i lag og kan ein ha ei god jul, utan alle ein er glad i?

Bli med inn til Førjul på Logen og treff Stella og Aurora gjennom Ljudmil Nikolov og Oda Alisøy si vidunderlege forteljerglede. Etterpå vil vi at du hjelper oss å pynte juletreet vårt med snøkrystallar vi sjølv skal lage av magisk papir. Kven veit kva som kan skje om vi alle pyntar trea våre med gode tankar for nokon som treng det? Trur du dei kan merke det i hjarta sine?

Vi håpar barn i Bergensområdet vil komme til juleforteljing og verkstad hos oss i desember. Kanskje kjenner du nokon som ville være veldig glad om dei fekk ein eigen magisk snøkrystall med ditt heilt spesielle juleønske i? Eit ønske som seier, GOD JUL!

Beste helsing oss på Hordaland Teater  

Alder: frå 3 år

- fra www.hordalandteater.no

  • Last Updated: 08.11.2017
  • Source: Bergen Reiselivslag
Dates

man 4. desember 2017 11:00

tirs 5. desember 2017 12:15

ons 6. desember 2017 11:00

tors 7. desember 2017 11:00

fre 8. desember 2017 11:00

lør 9. desember 2017 14:00

man 11. desember 2017 12:15

tirs 12. desember 2017 12:15

ons 13. desember 2017 17:00

tors 14. desember 2017 17:00

fre 15. desember 2017 17:00

lør 16. desember 2017 14:00

man 18. desember 2017 17:00

tirs 19. desember 2017 17:00

See All
Juleønske
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad