Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland TIME

Julekonsert Bryne Kyrkje

  • Bryne Kyrkje, Brynevegen 9, 4340 Bryne, Norge, Bryne
  • 3. desember 2021
  •  /  19:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Fredag 03.des kl 19:00 kjem duoen Ingebjørg Andrea Ådnanes (bl.a kjent fra The Voice 2021) og pianisten Simon Madsen til Bryne Kyrkje for å ha julekonsert.

Fredag 03.des kl 19:00 kjem duoen Ingebjørg Andrea Ådnanes (bl.a kjent fra The Voice 2021) og pianisten Simon Madsen til Bryne Kyrkje for å ha julekonsert. Denne konserten er ein del av ein julekonsertturné dei har på vestlandet. Konsertrepetoiret vil variera mellom nye og tradisjonelle julesongar både på norsk og engelsk, og sjølvskrivemateriale. Songar på engelsk vert teksta til norsk på skjerm.
Dette blir ei oppleving du ikkje må gå glipp av!
Ingebjørg Andrea Ådnanes: 
Født og oppvaksen på Karmøy og er i dag gift og busett på Bømlo. Ingebjørg har ei enorm stemme, ein heilt spesiell formidlingsevne og ei sterk personleg historie å fortelja. I tillegg har ho eit vesen som publikum vert glad i. Ho har tidlegare bl.a samarbeida med Hanne Krogh, var med i Team Hanne i "Det store korslaget", som gjekk på TV2 2009. Ho kom til semifinalen i IDOL 2013, og har jobba med Synnøve Ånensen, Arvid Pettersen, Voice Of Joy (9 år) og har kora for fleire kjente artistar. For dei fleste er ho kanskje mest kjent frå "The Voice" som gjekk på TV2 i vår.
Simon Madsen:
Født, oppvaksen og busatt på Bømlo. Han begynte å spela piano allereie då han var 4 år gamal og skreiv som 10-åring sin første klassiske komposisjon. Simon bevegar seg i dag innanfor eit vidt spekter av ulike musikk-sjangrar , har eit spanande og lekent musikalsk uttrykk og speler like gjerne klassisk kyrkjeorgel som jazzpiano. Har dei siste åra spela for etablerte artistar som Solveig Leithaug, Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eyvind Skeie og mange fleire, i tillegg til pianist/keyboardist i ulike gospelkor (Zenith, Kenanja, Decor og fleire). Han har dei to siste åra hatt fast musikalsk samarbeid med Ingebjørg

  • Last Updated: 30.11.2021
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 3. desember 2021 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Julekonsert Bryne Kyrkje
Your Recently Viewed Pages