Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Julekonsert Sund Kyrkje 11.12.23 kl. 19

Sund Blandakor ynskjer atter ein gong velkomen til julekonsert i Sund kyrkje. Tradisjonen tru, deltek også i år Sund Brass og Sund Toraderklubb med vakre sjelfulle tonar. I år er vi ekstra heldige og har fått med oss den fabelaktige klassiske songstjerna Tomine Mikkeline Eide. Ho har vunne fleire prestisjetunge prisar og konkurransar, og er eit av Noregs største songtalent. Du kan lese meir om Tomine på heimesida hennar. https://www.tominemikkeline.com/

Vi gler oss stort til å synge og spele for dykk alle denne måndagskvelden, og vonar de finn glede og julero medan vakre tonar omslutar dykk i vinterkvelden.

Hjarteleg velkomen skal de vere.

Vaksne: kr. 250
Born 6-16 år: kr. 50
Born under 6 år gratis

Sist oppdatert: 11/30/2023

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt