Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Kan nokon gripe inn - Generalprøve

Overview

Grunna stor rift om billettar til " Kan nokon gripe inn ", blir no generalprøva på Ål kulturhus tysdag 10. oktober opna for salg.

Etter suksessen med Bikubesong, tek Lasse Kolsrud for seg Stein Torleif Bjella sin musikk. Hans karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga " Kan nokon gripe inn ".

Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn.

Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar. Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Me er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygningen som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søkjer kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Sjølv har Stein Torleif Bjella vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv. 

Urpremiere på Det Norske Teatret 14. januar 2017.

Turnepremiere på Ål kulturhus 11. oktober 2017.

På scenen Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Joachim Rafaelsen, Hildegun Riise og Hans Rønningen.

Band: Svenn Erik Kristoffersen, Nils Jansen, Christian Svensson, Marius Reksjø og Mats Grønner.    Team Tekst og musikk: Stein Torleif Bjella Manus og regi: Lasse Kolsrud Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen Lysdesignar: Torkel Skjærven Koreograf: Belinda Braza Lyddesignar: Jostein Reistad Dramaturg: Carl Morten Amundsen  

Kan nokon gripe inn er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Riksteatret.   

 

  • Last Updated: 17.08.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

tirs 10. oktober 2017 19:00

See All
Kan nokon gripe inn - Generalprøve
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad