Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Kevin Kildal

Mer info

Kevin Kildal brøytar vidare med sitt fjerde soloshow "Fallitterklæring". 
Han lener seg tilbake i ein svart recliner med falskt skinn, tenner ei langhalsa vintage pipe og trekker ned - han hostar heftig, lenge, heftig lenge.
"Livet er ei snor, på den lina heng alle våre erfaringar - eit snøre av sigrar, tap og kompromiss. Ein kan kanskje ta grep og auke antalet sigrar undervegs, men å endre sjølve retninga på livet er ein operasjon.
For då må ein innrømme feil, erkjenne at ein ikkje har det som trengst.
Det er nettopp der FALLITTERKLÆRING kjem frå!"
Pompøs metafor, sant? Eg syns det med pipa forsterka heile seansen. 
Eg håper du tar turen på show, for eg tippar du vil like det! Eg kan love deg ein heil kveld med hysteriske, dryge og grove refleksjonar rundt det å leve! Om du aldri har sett meg opptre, så vil eg beskrive det som ein humoristisk club sandwich. Du vil få alt frå djupt personlege og utleverande historier til lettbeinte angstanfall på bussen. Eg skal erklære meg fallitt i vaksenlivet, og håper fleire gjer det same.
Showet har 18 års aldersgrense.

Sist oppdatert: 07/18/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt