Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Oslo

Kimen

Overview

For første gong blir det teater av ein av dei mest ruvande romanane til Tarjei Vesaas.  ​​​​Ei ung jente er drepen. Kven har gjort det? Drapet slår ned som eit lyn i det tilsynelatande uskyldige øysamfunnet som inntil nyleg hadde sulla søvnig på med sitt. Mistanken går umiddelbart til han som ingen kjenner, han som nett har komme til øya. Han som har noko plaga og jaga over seg. Den framande Andreas Vest blir raskt mistenkt, og det utviklar seg til ei nådelaus jakt. Øybuarane tek ei kollektiv avgjerd om å ta lova i eigne hender. ​​​​​​Angstfulle og i vantru over kva dei har vore med på, går samfunnet inn i ei felles fornekting av hendingane og vender faren til den drepne jenta ryggen. Han blir ståande åleine igjen med både sorga og skamma over det dei alle har gjort. Kimen er ei skakande forteljing om massesuggesjon og kollektiv ansvarsfråskriving. Boka kom ut i 1940, og er eit slåande bilde på korleis menneske kan oppføre seg i ein kritisk situasjon. Vi søker flokken og leitar etter syndebukkar. Kimen Av Tarjei Vesaas Dramatisering: Anders T. Andersen Regissør: Anders T. Andersen Scenograf og kostymedesigner: Dagny Drage Kleiva

  • Last Updated: 18.12.2017
  • Source: VisitOSLO as
Dates

fre 19. januar 2018 19:30

lør 20. januar 2018 18:00

tirs 23. januar 2018 19:30

tors 25. januar 2018 19:30

tirs 30. januar 2018 19:30

lør 3. februar 2018 18:00

fre 9. februar 2018 19:30

fre 23. februar 2018 19:30

tors 8. mars 2018 19:30

lør 10. mars 2018 18:00

fre 23. mars 2018 13:00

See All
Kimen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad