Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Flora

Kinnfest

Overview

Eventyrleg sommarfest i Florø

KinnFest 2018

Skambankt, Kinn Bryggeri og Byen vår Florø inviterar til ein eventyrleg sommarfest i Florø 1. juni! 
Line Up: Skambankt, The Wheels, Vicereine, Promotor og DJ Gymbag!
​​Hjørnevikbua MatBar kjem for å serverer herleg sommarmat. 

 

Skambankt 

Endeleg er Skambankt tilbake i Florø og no på utescena til Kinn Bryggeri! Skambankt og Kinn Bryggeri har hatt eit nært kjærleiksforhold i mange år. Skambankt-øl bryggja hos Kinn har vore med på mange turnear. Dette kompromisslause hardrockbandet frå Jæren i Rogaland, har lengre fartstid enn dei fleste andre band som startar opp som unge tenåringar. Bandet har utallige konsertdatoar og seks skiver bak ryggen. Heilt sidan deira andre skive, Eliksir, har dei okkupert topp 10-pallen på nasjonale hitlister i Norge, og dei tok førsteplassen med deira forrige skive, Sirene, i 2014. Dei er i dag rekna som ein av pionerane innan sjangeren i Norge, og 1. juni kjem dei altså til Florø og KinnFest for å presentere sitt sjette album, Horisonten Brenner, -ei smakfull og ektefølt rockeskive med ein sterk groovefaktor. Det er duka til KinnFest i Florø. Velkomen!

 

The Wheel 

Anmeldarar og lyttarar både nasjonalt og internasjonalt hylla The Wheel for deira stilsikre tilnærming til 70-talsrocken då dei debuterte med sitt sjølvtitulerte album i 2011. Den internasjonale merksemda gjorde også at konsertscena opna seg for dei, først og fremst som support for UFO på deira turné i Europa i 2012. No, heile seks år seinare, kjem The Wheel tilbake både med nye bandmedlemmar og eit endå meir raffinert uttrykk. Den utflytta florøværingen Ørjan Kvalvik sine presise og stilriktige riff nikkar tidsmessig bakover i retning inspirasjonskjelder som Eddie Van Halen, Paul Gilbert, Nuno Bettencourt og Jerry Cantrell, medan Jan Erik Salvesens vokal fyller lydbildet og gir oss assosiasjonar til både Chris Cornell, David Coverdale og Robert Plant sin autoritet og styrke. 8. juni gir dei ut den nye plata 2nd & 10, men først kjem dei til Florø og KinnFest!

 

Vicereine 

Vicereine frå Jæren er flashy, kledd i kvit denim og dekka i konfetti og glitter. Konsertopplevinga er eksplosiv, sjangeren er Tropical Death. Sounden kan beskrivast som den mest catchy krysninga mellom sexy dansegolvpop og fuzza rock. Resultatet får deg til å riste på rompa og headbange samtidig. Get ready, get psyched, get tropical in Florø!

 

Promotor 

Florø-bandet Promotor med Geir Odin Nes på vokal, Arild Frislid Solheim på trommer, Torgeir Sunnarvik på gitar og Tommy Skudal på bass spelar rocka coverlåtar primært frå 80-, 90-talet og framover. Sjølv om noverende gjeng berre har spelt saman i nokre månader har Promotor eksistert sidan 2012. Alle er røynde musikarar frå forskjellige lokale Florø-band. Dei hentar låtar frå musikk dei likar å høyre på, som til dømes Thin Lizzy, Alice In Chains, Soundgarden, Billy Idol, Whitesnake, Mötley Crüe osv. Råkk & råll!

 

DJ Gymbag

Kinn Bryggeri sin gode venn, Bjørn Inge Larsen, kjem til Florø og Kinn Fest som DJ Gymbag. Denne mannen er ein av 90-talets fremste representantar for fulle dansegolv og eit publikum som kokar. Med røter fra klubbscena i Bergen har han vore med på å sette den norske klubbscena på kartet både fra Dj- boksen og som tilretteleggjar av klubbar med tettpakka dansegolv. No driv han fleire av Oslo sine både skjulte og mest populære utestader, - Tilt, Tilt Arkade og Torggata Bar. Bjørn Inge Larsen er også involvert på utestadene Ball og Bruun-Larsen. Som Dj er han ekstremt open musikkmessig, -einaste kravet han har er at det må vere bra! Han spelar mykje dansbar musikk av ny og gamal dato som til dømes soul, funk, hip hop, disco, rare grooves og electro. Det skal dansast på KinnFest 2018.

 


Portane ved Kinn Bryggeri opnar 18:00
Servering: Kinn Bryggeri & Hjørnevikbua MatBar
Aldersgrense: 18 år
For- og etterspel på Vesle Kinn kl 16-02.

 

  • Last Updated: 02.05.2018
  • Source: Visit FjordKysten
Dates

fre 1. juni 2018

See All
Kinnfest
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad