Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Klassikaren: Mahmoud Darwish

Mahmoud Darwish (1941-2008) blir rekna som den viktigaste røysta i moderne arabisk poesi. Han blei fødd i i 1941 i al-Birwa, ein palestinske landsby i Galilea som blei rasert då staten Israel blei oppretta i 1948. Darwish skreiv over 30 diktsamlingar og åtte prosaverk. Han er omsett til rundt 35 språk og har vore kortlista til Nobelprisen i litteratur. Den første diktsamlinga hans Asafir bila ajniha (Fuglar utan venger) kom ut i 1960, og gjennombrotet kom i 1964 med Awraq Al-Zaytun (Olivenblader). Mange av dikta til Darwish er politiske, men også ikkje-palestinarar kan kjenne igjen eigne historier, sorger og draumar. Universelle eksistensielle undertonar preger tekstane, og den internasjonale appellen skuldast truleg måten Darwish skriv om lengsel, sakn, eksil og tapet av heimlandet.

Familien til Darwish flykta til Libanon under Nakba i 1948, men klarte seinare å smugle sonen tilbake til det som no var blitt Israel. Oppveksten førte til at Darwish meistra både arabisk og hebraisk. I tillegg til virket som poet, arbeidde han som journalist og levde eit liv i eksil m.a. i Beirut, Kairo,Tunisia og Jordan. Han budde lenge i Paris, der han var redaktør for tidsskriftet al-Karmil. Frå 1973 var Darwish medlem i PLO, og han er opphavsmannen til den palestinske sjølvstendeerklæringa frå 1988. Då Oslo-avtalen blei underteikna i 1993, dro Darwish tilbake til Palestina. I protest mot avtalen melde han seg ut av PLO og takka nei til å bli kulturminister i det palestinske sjølvstyret.

Linda Kjosaas er omsetjar og tidlegare utdanningskoordinator for FNs høgkommissær for flyktningar, med mastergrad i arabisk språk og litteratur. Ho har m.a. omsett bøker av Alaa Al Aswany, Salwa al-Naeimi, Osama Al Omer og Raif Badawi. Mahmoud Darwish var hennar fyrste kjærleik innan arabisk poesi.


110/60,– (stud./honnør). 



    
    

Sist oppdatert: 04/25/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt