Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre

Klassisk konsert med Tosca Ensemble

Overview

Denne treblåskvintetten er samansett av unge musikarvener frå Mediterraneanområdet Marina Alta, òg kjend som Alicante i Spania.

Dei er topp profesjonelle, klassisk skulerte musikarar med konservatorieutdanning. Dei har alle gått i lære med professorar i verdsklasse og vil spele eit fantastisk program for oss. Vi vil få høyre musikk både frå spanske komponistar og andre europeiske kjende og kjære komponistar. Programmet er variert og det vert musikk frå både 1700-talet sin klassesisme, romantikken, etterkrigstida og frå dagens tid.

Andrea Costa er utdanna fløytist frå musikkonservatoriet i Alicante. Ho er mellom anna medlem i det filharmoniske orkesteret ved universitetet i Alicante og The World Orchestra og kan skilte med beste student, året 2015.

Alba Sanz Ponce er utdanna oboist ved musikkonservatoriet i Alicante og lærarutdanning i musikk ved universitetet i Valencia. Ho arbeider som obolærar og er medlem i symfoniorkesteret ved universitetet i Alicante og symfoniorkesteret ved universitetet i Valencia.

Cristian Escolano Burgos er utdanna klarinettist ved musikkonservatoriet i València, her oppnådde han utmerket kvalifikasjonar i klarinett-interpretasjon. Cristian er òg dirigent og dirigerer Youth Wind Ensemble av Xeraco. Cristian er medlem i kvartetten Quartetto di Arancione.

Adriá Tomàs Peñalver er utdanna hornist ved musikkonservatoriet i Valencia. Her vann han den prestisjefyllte studentprisen i 2008. Adrià har lang fartstid som hornist og har spele i ei rekkje profesjonelle orkester og ensembler i Spania, mellom anna Quintet Verger, og 5fanBrass.

Vicente Noguera Gracia er utdanna fagottist ved Norges musikkhøgskule og har jobba som freelance fagottist i mange norske og spanske orkester. Mellom anna Forsvarets musikkorps i Nord Norge, KORK, og jamnleg vert han leigd inn som fagott i Volda symfoniorkester. Dette vert ein konsert litt utanom det vanlege. Det vert servert både ville, vakre, mystiske, magiske, litt seriøse, rolege og virtuose tonar på desse konsertane. Ta turen til Gjerdsvika eller Volda denne februarhelga.

Dette blir ei oppleving verdt å få med seg!

Born under 16 år gratis

  • Last Updated: 05.12.2017
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

fre 9. februar 2018 19:30

lør 10. februar 2018 18:00

See All
Klassisk konsert med Tosca Ensemble
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad