Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Knut Myran: Slåttevandring frå Numedal til Telemar

Overview

Meisterspelemannen Knut Myrann fylte 85 år i januar, men har ikkje lagt fela på hylla.

 

Ål bibliotek inviterer til intimkonsert i biblioteket med denne nestoren. Han tek oss med på ei slåttevandring frå Nore i Numedal, der han sjølv vaks opp, til Telemark.

 

Kontakten mellom Numedal og Telemark gjennom hundrevis av år har prega slåttespelet begge stader. Sjølv har Knut mang ein gong reist vegen frå Nore til Tinn for å læra felespel.

 

Knut Myrann vann landskappleiken på hardingfele i 1973 og i 1976 og er mellom anna æresmedlem i Landslaget for spelemenn.

 

Etter konserten vil det bli høve til å kjøpe CD-plata «Frå Numedal til Tinn», som Knut Myrann ga ut i fjor.

 

GRATIS INNGANG og enkel servering.

 

Stad: Ål bibliotek.  

  • Last Updated: 23.08.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

tors 7. september 2017 19:00

See All
Knut Myran: Slåttevandring frå Numedal til Telemar
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad