VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ULSTEIN

Koinonia

Overview

Supergruppa Koinonia legg ut på Europaturné i august til blant anna Sverige, Danmark, Sveits, Holland, Norge og vi er heldige som får dei hit til Ulsteinvik søndag 9. august.

Det er den verdskjende bassisten Abraham Laboriel som fortsatt er frontfiguren i bandet. Noko han var også for over 30 år sidan då dei vitja Sunnmøre sist. Abraham Laboriel har medvirka på ei rekke plater for artistar som Donald Fagen, Lee Ritenour, Dave Grusin, Stevie Wonder, Barbra Streisand, Al Jarreau, Billy Cobham, Dolly Parton, Elton John, Ray Charles, Madonna, Paul Simon, Keith Green, Quincy Jones, Russ Taff, Crystal Lewis, Chris Isaak, og Michael Jackson.

Trommeslagar Bill Maxwell er i verdsklasse og har spelt for ei rekke artistar som Elton John, Andraé Crouch & The Disciples, Koinonia, Open Hands, Sonlight, Third Avenue Blues Band osv.

Gitartist Hadley Hockensmith har i over 30 år turnert saman med Neil Diamond i tillegg til å stå bak hundrevis av plateinnspelingar. Dette er musikarar i verdsklasse.

Frøydis Grorud, kjent fra Beat for Beat trakterer blåseinstrumenta, medan Trond Helgerud på keyboard vil bli eit nytt og spanande bekjentskap for oss.

Og når dei får med seg Elvis-pianisten Per Erik Hallin på piano, då kan det ikkje bli betre. Vi gler oss til å få høyre igjen - More Than a feeling, Cuando, Making room, Front line og mange mange fleire i tillegg til at det sikkert vert nokre nye.

Set av denne søndagen 9. august til eit fyrverkeri av ein konsert.

 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 515,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris (gjeld berre ordinær billett, ikkje juletallerken). Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

  • Last Updated: 16.05.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 15. august 2021 20:00 21:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Koinonia
Your Recently Viewed Pages