Kongshaug Musikkgymnas
Kongshaug Musikkgymnas presenterer denne kvelden ei perlerad av kjende og kjære nummer frå musikalar som Les Misérables, Chess, Mamma Mia, Hamilton og fleire når dei inviterer til sitt storslåtte musikalshow.
I Showtime blir du teken med på ei spennande reise, frå det sarte og vakre til det rocka, mektige og storslagne. Du vil bli både overraska og begeistra når elevane glitrar som solistar, koristar, instrumentalistar og dansarar i denne uforgløymelege konserten.
--
Varigheit: Om lag 1 time og 20 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal
rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å
kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
Sist oppdatert: 01/25/2025
Kilde: Visit Bergen
Kongshaug Musikkgymnas