Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Konsert: Draumkvedet i Veum kyrkje

Konserten er del av Draumkvedet-seminaret same dagen, men er open for alle.

Kjøp billetter her

Konsert i Veum kyrkje, Fyresdal
Medverkande: Malin Alander (vokal) og Ole Nilssen (trekkspel)
Inngang: 200,- (kontant eller Vipps ved inngangen)

Malin og Ole presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling, i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel som følger opplevingane til Olav Åsteson. Dei formidlar likevel visjonsdiktet med dei tradisjonelle melodiane i fokus. Deira form er henta frå versjonane til Moltke Moe, Hulda Garborg og Maren Ramskeid.
Malin Alander og Ole Nilssen er busette i Sogn og Fjordane og har dei siste åra samarbeidd om ulike prosjekt, både som duo og saman med andre musikarar. Båe har utdanning frå Norges Musikkhøgskole og har jobba som solistar, ensemble-musikarar og pedagogar i ulike samanheng.

Konserten er del av Draumkvedet-seminaret same dagen, men er open for alle.

Pris for heile seminaret, som startar i Eidsborg kl. 9 same dagen, er 850,- inkludert lunsj og konserten i Veum kyrkje.

Les meir om seminaret: https://www.visittelemark.no/.../draumkvedet-i-var-tid... 

Billetter

Sist oppdatert: 02/28/2025

Kilde: Vest Telemark

Konsert: Draumkvedet i Veum kyrkje

Billetter

Sider du nylig har besøkt