Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Konsert - Øystein Sunde og Meget i sløyd

Overview

Øystein Sunde skal ut på tur igjen. Etter eit inspirerande samarbeid med Ingrid Bjørnov dei siste åra, har det kome trillande nye songar, som no er innspelt og gitt ut som CD og LP med tittelen "Bestefar". Men det boblar stadig over av nye idéar, og det er alltid noko nytt å få høyre når Sunde er på scena. Bl. a. kan vi vente oss eit heidundranes oppgjer med DAB-radioen. Med andre ord, det er mykje å gle seg til.

Det er over 50 år sidan Øystein Sunde sto på scena første gong aleine med gitar, og nesten 50 år sidan han toppa listene med slageren Jaktprat frå den første LP-plata hans, 1001 Fnatt i 1970. Sunde høyrer til europaeliten når det gjeld gitarspel og har sidan den gong helt seg på topp takka være ei utroleg evne til alltid å presentere nye, morrosame og tidsaktuelle viser. Han har også fått utvikle sin egen signaturgitar hos The Martin Guitar Co.

Øystein Sunde si siste suksessframsyning ”Men DA må du ha ” var den femte i serien av hans solo-show og etterfølger publikumssuksessane
"Kjekt å ha" , "Så hatten passer" , "Øystein Sunde ...og vel så det" og "Sånn e’re bare" . Øystein Sunde har alltid med seg utsøkte musikarar og bandet hans, Meget i Sløyd, er noko av det aller beste som er å oppdrive av allsidige bluegrass-musikarar på denne sida av Atlanter'n.

Meget i Sløyd:
Terje Kinn - banjo
Øystein Fosshagen - fele og mandolin
Knerten Kamfjord - bass
Knut Hem - dobro og perkusjon

  • Last Updated: 24.01.2019
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 12. september 2019 19:00 20:35

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Konsert - Øystein Sunde og Meget i sløyd
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad