Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Konsert - Hanne Kolstø med band

Overview

Hanne Kolstø slapp sitt åttande album, Fare, 2. februar i år. Albumet fekk strålande kritikkar mellom anna med terningkast 5 i Aftenposten, Dagsavisen, NRK P1 m.fl.

 

Denne hausten tek ho med seg bandet på ein Noregsturné.

 

Kolstø er ein artist som trivast best i konstant rørsle, og det nye albumet «Fare» har denne gongen fått eit langt røffare sound enn låtene på hennar forrige skive «Fest Blikket». Ho omtalar seg sjølv som ein einstøing, der ho den siste tida har valt å busetje seg på ei avsidesliggande hytte i skogen der ho nyt stilla. Stilla og naturen har alltid vore noko ho søkjer til for inspirasjon, noko som stammar frå oppveksten ved fjorden i sunnmørsbygda Sykkylven.

 

Rastlausheita og isolasjonstrongen har med andre ord ikkje lagt nokon dempar på kreativiteten – Kolstø er produktiv som aldri før. Med «Fare», hennar andre plate på norsk og sunnmørsk, held ho fram med å utforske nye musikalske retningar – aldri på staden kvil. Isolasjon, eller kanskje einsemd, spesielt den som kan oppstå i mellommenneskelege forhold, er eit gjennomgåande tema på plata. Kolstø kjem med ei viktig presisering: «Og så kan det jo vere greit å vite at ’fare’ også blir brukt om ’å stikke’ på mi dialekt. Har jo alltid lyst å stikke av.»

 

Det tøffare og meir beats-orienterte soundet er ei endring som kler artisten Hanne Kolstø veldig godt, og evna til å skrive medrivande låter og uimotståelege refreng har definitivt ikkje forsvunne i prosessen. Som vanleg har ho jobba med produsent, gitarist og partnar, Øyvind Røsrud, eit samarbeid som har utvikla seg i alle retningar sidan debutplaten, «Riot Break» frå 2011. Saman held dei fram med å pushe kvarandre, stadig i retning neste låt og eitt nytt sound. Hanne har vore nominert til Spellemansprisen heile fire gongar.

  • Last Updated: 17.07.2018
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lø. 27. oktober 2018 kl. 02:00 19:30 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Konsert - Hanne Kolstø med band
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad