Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Konsert i Eidsborg: «Sørleg jul»

Få juleroen med en sjelfull og uhøytidelig julekonsert. Lars Jakob Rudjord, Johanne Flottorp og Anne Gravir Klykken presenterer tradisjonell julemusikk.

Kjøp billetter her

Klykken, Flottorp, Rudjord: «Sørleg jul»

I denne nye jolekonserten møtast tre musikarar med kvar sin innfallsvinkel til folkemusikken. Lars Jakob Rudjord og Johanne Flottorp kjem frå kvar sin kant av Agder, medan Anne Gravir Klykken kjem frå Telemark. Dei tre har bakgrunn frå fleire ulike sjangrar, men kjem alltid tilbake til røtene. Saman vil dei presentere ein sjelfull og uhøgtideleg jolekonsert som inviterer lyttaren tett på. I ei lun atmosfære kan publikum finne juleroen. Det blir skjemt og alvor, ljos og mørke, gamalt og nytt, stort og lite - akkurat som jola og livet sjølv.

Med ei blanding av tradisjonelle slåttar, viser, salmer og stev, og nyare låtar og arrangement av trioen, presenterer dei ein konsert med musikk knytt opp mot vinter, solsnu og jol. Konserten vil ta utgangspunkt i jolemusikk og tradisjonar frå Sør-Noreg – eit område med ei rik kulturarv når det gjeld både jolesongar og folkemusikk. Denne musikken ber med seg historier og skikkar knytt til jola.

Anne Gravir Klykken – vokal, div instrument

Johanne Flottorp – hardingfele

Lars Jakob Rudjord – trøorgel, piano

Inngangspris: kr. 200,-

Under 16 år: 100,-

Under 10 år: gratis

Billettar kan kjøpast på museet før konsertstart.

Konserten er eit samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter.

Billetter

Sist oppdatert: 11/14/2025

Kilde: Vest Telemark

Konsert i Eidsborg: «Sørleg jul»

Billetter

Sider du nylig har besøkt