Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Southern Norway Setesdal Valle

Konsert i Valle kyrkje

Overview

Marcus André Berg jobbar som domkantor i Oslo Domkyrkje. Han avslutta utdanninga si frå Noregs musikkhøgskule i 2013. I masterprosjektet sitt tok han for seg den franskromantiske orgelsymfonien med musikk av Franck, Widor, Vierne og Dupré. Berg er også komponist og har studert komposisjon med Trond Kverno og Olav Anton Thommessen.

Våren 2014 vann han 1. pris i komponistkonkurransen «International Edvard Grieg Competition for Composers». Frå hausten 2013 har Berg undervist i orgel på Talentutviklingsprogrammet ved Noregs musikkhøgskule. Berg held jamleg solokonsertar og blir ofte brukt som akkompagnatør. I 2016 gav han ut albumet «At midnight hour» saman med Amelie Aldner, ei utgjeving med mellom anna klassiske operaperler akkompagnert på orgel. På konserten i Valle speler han m.a. Percy Whitlocks «Plymouth Suite» og Ch. H. Rincks «Introduction, Thema, Variationen & Finale».
 

  • Last Updated: 17.04.2018
  • Source: Setesdal
Dates

ons 25. juli 2018 19:30

See All
Konsert i Valle kyrkje
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad