Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Konsert med Darling West

Overview

Darling West sitt nye album "While I was asleep" kjem ut i februar 2018. I det høvet legg dei ut på ny turnè i Noreg. Gled deg til ein vakker konsert med både nye og gamle låtar.

I starten var Darling West berre ein låt. Ei tekst og ein melodi laga av ekteparet Tor Egil og Mari Kreken, men som seinare også vart namnet på gruppa dei starta saman med Kjetil Steensnæs.

I dag har Darling West utvikla seg til å bli eit av dei leiande country- og americanabanda i Noreg.

I 2016 vann dei Spellemann for albumet "Vinyl and a Heartache".

I 2017 har Darling West vore på kryss og tvers av landets konsertscener, dei har varma opp for Lucinda Williams i Finland og spelt med den amerikanske countryartisten Sam Outlaw i Sverige. USA har tatt godt i mot dei og med 10 konsertar på SXSW i Texas, showcases i New York og Nashville må det kunne kallast ein Amerika-suksess. I september vart dei igjen invitert til Nashville og verdas største americana-festival, AmericanaFest, der dei spelte tre utselde konsertar. På tampen av året skal Darling West turnere i Nederland og Belgia.

Sjå fram til en flott konsert i Ål kulturhus 13. mars 2018.

Om ein vil gjere dette til ein heilaften, kan ein kjøpe middag i Hallingdal Feriepark kl 17.00. Egen meny.

  • Last Updated: 08.12.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

tirs 13. mars 2018 19:00

See All
Konsert med Darling West
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad