Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Konsert med Odd Nordstoga

Overview

Odd Nordstoga er klar med eit nytt studioalbum. Albumet, rett og slett ei dobbeltplate, har fått namnet «Kløyvd». Noko av musikken har du kanskje høyrt, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten «Fri» har du også ganske sikkert høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid radiohit, og verserte på topp 10 på radiolistene til langt ut på hausten.  Dette albumet viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken.  Historiane på «Kløyvd» handlar ofte om strevet med å finne forløysing, finne fred, finne heilskap. Det er, som tittelen antydar, ikkje så lett for eg-personane på denne plata. Anten det er ein kval, ein nyskilt mann eller ein forvilla utflytjar det handlar om, så har dei ikkje funne heilt «heim».  Odd Nordstoga og hans fantastiske band gledar seg veldig til å koma ut å framføre denne plata! I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra!

  • Last Updated: 15.12.2017
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

tors 1. mars 2018 20:00

See All
Konsert med Odd Nordstoga
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad