Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Tokke

Konsert med Råbygg

  • Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo
  • +47 35069090
  • 3. februar 2019
  •  /  16:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Folkemusikkkonsert på museet i Eidsborg. Inngang kr 150,- (halv pris med årskort). Sal av kaffi og kake.

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt.
Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nem-ning for dei indre bygdene på Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblin-ken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått acapella. 
Sjølv om kontrastane er store, ligg det heile tida ein raud tråd i historiane bak. For trass i at damene i Raabygg byrja å spele saman på Majorstua i Oslo, då alle gjekk på Musikk-høgskulen der, reiste dei ofte ut for å treffe dei gamle Agder-heltane. Gjennom fleire tu-rar sørover har Raabygg lært nokre av dei beste slåttane, og ikkje minst fått høyre dei ar-tigaste historiene. Det er desse dei plukkar fram når dei står på konsertscena.
Dei siste åra har Raabygg spelt mange konsertar rundt om i landet og vore å finne på mangt eit festivalprogram. Under Landskappleiken i Vågå i 2016 vann dei Open klasse og fekk med det innpass i Den norske opera og ballett på meisterkonsert påfølgjande haust. Det markerte slutten på lanseringsturneen for debutalbumet «Ein etter far» som kom ut i oktober. 
Johanne Flottorp – Hardingfele, vokal
Tuva Færden – Hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – Harpeleik, vokal, munnharpe

Inngang kr 150,- (halv pris med årskort). Sal av kaffi og kake.

Pris årskort enkeltperson kr 400,- Gjev fri inngang på alle musea våre og halv pris på arrangement i vår regi.
Pris årskort familie kr 700,- Gjev fri inngang på alle musea våre, inklusiv kanalparken og halv pris på arrangement i vår regi.

  • Last Updated: 28.11.2018
  • Source: Vest Telemark
Dates

sø. 3. februar 2019 16:00 18:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Konsert med Råbygg
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad