Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Strand

Konsert med Randi Tytingvåg Trio

Overview

Randi Tytingvåg Trio er klare med sitt nye album. Dei skal snart ut  på turnè: The light you need exists.

Randi Tytingvåg er kjent for mange i Ryfylke, blant anna frå julekonsertane ho har halde i kyrkja i lag med Britt-Synnøve Johansen, Hanne Sørvaag og Knut Aabø. Nå er trioen hennar, som forutan Tytingvåg består av Dag Vagle på gitar, vokal og kor og Erlend E. Aasland på tenorgitar, banjo, mandolin og kor, klare med nytt album. Saman har dei skapt ein unik Norwegicana sound; inspirert av den mangfaldige amerikanske tradisjonen og sine eigne norske røter. Dette er nært og ekte! Tett samspel og vokale harmoniar har blitt trioen sitt viktigaste varemerke. Dei opptrer som eit lite kammerorkester.

På tekstsida har Tytingvåg inngått eit spennande samarbeid med jærdiktaren Helge Torvund. Dette samarbeidet har vore spennande og inspirerande, og viser nye sider ved dei begge. Ja, Helge Torvund skriv rett og slett på engelsk. Tekstane skildrar menneskelege stemningar, hjartesorg, jubel, enkle naturgleder og kvardagsliv. Songane blir knytte saman av ei felles grunnhaldning som går gjennom det heile. Dei to kunstnarane har begge eit sterkt ønske om at lyset skal skina gjennom arbeidet deira. Den er deira felles "Holy ground".

  • Last Updated: 04.09.2019
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 27. september 2019 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Konsert med Randi Tytingvåg Trio
Your Recently Viewed Pages