Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Lille Ole Bull

Konsert med Storm Weather Shanty Choir

  • Øvre Ole Bulls plass 3, Bergen
  • +47 55215060
  • 6. desember 2016 - 6. desember 2016
  •  /  20:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs. 

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg. 

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten, kjem med si sjette plate i løpet av 2016 og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og dei fekk sjølve med seg legenda Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The Drunken Sailor.  Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor.  SWSC får ein travel konserthaust med klubb og festivaljobbar i inn og utland og ser veldig fram til den 6. desember i Bergen. 

Storm Weather Shanty Choir har desse medlemmene:

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar
Ronny Sætre - baryton og perkusjon
Rune Nesse - bass og perkusjon
Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»
Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar
Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel

- fra www.bergenlive.no

  • Last Updated: 25.05.2016
  • Source: Bergen Reiselivslag
Dates
tirsdag 6. desember 2016

See All
Click to activate
Bergen, Norway
The latitude and longitude
60° 23' 32" N / 5° 19' 19" E
Konsert med Storm Weather Shanty Choir
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad