Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre VOLDA

Konsert - Stig Ulv

Overview

Stig Ulv er ute med ny plate, Gitarferd. Når Stig skal spele her heime i Ørsta tek han med seg John Inge Bjøringsøy på trøorgel.

Gitarferd er den 6.plata i rekka, og artisten har etterkvart etablert seg som ein av dei mest aktive gitarinstrumentalistane her til lands.
Dei som set spor, varige spor, er dei som bryt ut og skapar noko nytt. Historiene om dei er mange. Dei gjer ein forskjel, difor set dei varige spor. Stig Ulv er ein av dei få som går sine eigne vegar. Lagar musikk som ikkje er laga før på ein måte som formidlar bodskapen hans. Stig Ulv si forteljing. Det han fortel med gitaren sin er ein del av miljøet han har vakse opp i, krydra med det han har lært undervegs. Stig Ulv vert omtala som ein av landet sine beste instrumentalikarar. Han spelar ikkje på gitarar, men får dei til å snakke. På nynorsk, sjølvsagt! 

Med eit arsenal av akustiske strengeinstrument, inkludert banjo, maktar Stig Ulv å skape forskjellige slags stemningar i landskap som hentar hemningslaust ifrå både folk, pop, vise, jazz og meir.

Velkomne til ein ekstra stemningsfull konsert på Ørsta kulturhus!

  • Last Updated: 07.01.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 26. januar 2020 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Konsert - Stig Ulv
Your Recently Viewed Pages