Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Konsert - Valentourettes

Overview

Rockekonsertar i festsalen har vist seg å vere ein stor suksess, og det blir ikkje noko ringare denne gongen når sjølvaste Valentourettes kjem!

Valentourettes spelar Jokke.

Valentourettes blei danna i 2003 på oppfordring frå Ottar Stangeland for å opptre som backing-band med eit utval av vokalistar under Punkrockfestivalen i Stavanger. Medlemmane har bakgrunn frå både Jokke & Valentinerne og Jokke Med Tourettes og som bandnamnet indikerar er dette ei samanslåing av desse to.

Med Petter Pogo på bass, Runar «Kula» Johannessen på trommer og sjølvaste Petter Baarli på gitar utgjorde dei ei kraftpakke med lang fartstid og solid erfaring med materialet. Tanken var å blåse liv i Joachim Nielsen sine songar for publikum på Folken. Men dei utvalde vokalistane fell frå ein etter ein før konserten skulle haldast så superfan Vidar Rugset blei kontakta og han sa ja til å vere med på det som i utgangspunktet skulle vere ein enkelt konsert. Responsen i Stavanger viste seg å vere så stor at bandet la opp til ein liten turné med 4-5 spelejobbar. Desse konsertane selde fullstendig ut og det viste seg å vere mange som ville oppleve Joachim Nielsen sine songar live saman med andre likesinna. Sidan den gong i 2003 har bandet spelt over 200 konsertar med fulle hus frå Longyearbyen til Flekkefjord til stormande jubel og stor glede for både dei som rakk å oppleve Jokke då han var blant oss, men også den oppvoksande slekt som måtte nøye seg med platene. Etter 3 år som frontmann trakk Vidar Rugset seg og i oktober 2006 blei ny mann på podiet bandet sin gode venn, den garva rockevokalisten Tarjei Foshaug. Tarjei har den erfaringa og tilstadeverelsen bandet treng samt at han leverar Joachim sine songar med ekte innleving og han har markert seg som ein drivande frontfigur. Då Torshovteatret skulle sette opp musikalen Verdiløse Menn av Christopher Nielsen basert på broder Joachim sine tekster, var det naturleg å hyre Valentourettes (minus Tarjei) som teaterorkester. Saman med skodespelarane og regissør Anders T. Andersen var bandet med å utforme stykket sine musikalske sider og bidrog i stor grad til stykket sin bejubla autensitet. Stykket var umiddelbart ein stor suksess og blei etter ein periode på lille Torshovteatret sett opp på sjølvaste hovudscena på Nationaltheateret der det gikk fram til siste framsyning 17.mai 2008. Då hadde musikalen hatt 70 framsyningar, samtlige med fulle hus og utsolgt til siste sete. Valentourettes kunne etter å ha vore teatermusikarar endeleg konsentrere seg om det dei likar aller best; reise rundt i det ganske land og spele konsertar på store og små scener. Og her kjem den viktigaste aktøren i konsertane inn i bildet: Publikum. Ingen andre band kan vise til eit så aktivt og deltakande publikum, dei syng med og skrålar, dansar og skåler, ler og grin og lev seg så totalt inn i tekst og musikk, smeltar saman til eit stort pulserande monster som tek over heile salen og halve scena til bandet sin store glede. Denne kvartetten held fram med å overbevise både garva konsertgjengarar og nye generasjonar fans av Joachim Nielsen og musikken hans om at rock er best på konsert. Fulle hus og stormande jubel følgjer kor enn dei spelar.

 

18 års aldersgrense og servering. Meir info om support kjem når det er avklart kven som får æra av å varme opp for Valentourettes i Ørsta!

  • Last Updated: 05.11.2018
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lø. 24. november 2018

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Konsert - Valentourettes
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad