Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Geirangerfjorden Stranda

Kor Løye - musikalsk og kulinarisk påfyll

Overview

Indre Sunnmøre sitt mest sjarmerande damekor, Kor Løye (sjølvsagt!), kviler ikkje på laurbæra. 

Også denne gongen deler dei scena med fleire gjesteartistar. Det nystarta strandabandet Soundmore, med Katrine Langlo, Morgan Pedersen, Aksel Helstad og Erik Torset kjem til å ha sin debut med fleire nummer denne kvelden. I tillegg får publikum gleda av å treffe endå ei nyskaping - nemleg mannskoret Kor Nøye!

Kor Løye ønsker å tilby publikum ei komplett konsertoppleving med god musikk, og god mat og drikke. Det blir lun stemning med småbord i salen. Vi har fått med oss Grilstad/Tind, Slogenmat, Stabburet og Gardskjøkkenet til å stille med sine produkt til matbordet. 

Karakterane Lars-Per og Jonny, Eli Bente, Olianna, Mariann og Jan Gisle frå påskekabareten «Skinke til besvær» kjem også til å vere til stades denne kvelden for å kaste glans over arrangementet.

Disse vil lage litt ablegøyer og moro rundt matborda i pausane. 

  • Last Updated: 23.11.2017
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lør 25. november 2017 19:00

See All
Kor Løye - musikalsk og kulinarisk påfyll
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad