VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland BØMLO

Kristina frå Duvemåla

  • Moster Amfi, Moster, Mosterhamn
  • +47 91728684
  • 4. august 2021 - 14. august 2021
  • (10 Upcoming Dates)
Overview

Noregspremiere på Kristina från Duvemåla, august 2021!
Bømlo Teater vil på ny setje opp ein musikal i Moster Amfi i 2021, tre år etter Evita.

Me kan stolt presentere Norgespremie på:
Kristina från Duvemåla

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos.
Av Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson
Me er glade for å kunne gjera ein ny stor musikal, med fantastisk musikk og med ei sterk historie som passar perfekt for Bømlo, vestlandet og Moster Amfi. Det blir fyrste gong musikalen vert sett opp på ein norsk scene i fullversjon, og med norsk tekst.
Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av 1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like store utfordringar som heime i gamlelandet. Historia om Kristina er ein hyllest til dei, som ut frå tvingande grunn forlot det kjente og kjære, gjorde den farefulle reisa over havet og laga seg eit nytt liv i eit ukjend land. Musikalen innheld kjende songar som mellom anna Ut mot et hav, Vildgräs, Guldet blev till sand og Du måste finnas.
Som i tidlegare produksjonar vil det vera full orkesterbesetning. På scena vil ein sjå eit stort ensemble med profesjonelle og amatørar, og også denne gongen skal me forankre oss lokalt.
Musikalen Kristina från Duvemåla hadde premiere på Malmö Musikteater i Oktober 1995. Den veksla deretter mellom Malmö og Göteborgsoperaen før den fekk sin etterlengta Stockholm-premiere på Cirkus i Februar 1998. I Malmö blei det spelt 194 førestillingar, i Göteborg 125 førestillingar og i Stockholm 352 førestillingar. Over 1 million menneske har sett Kristina från Duvemåla på scenen i Sverige.
Noregspremieren av Kristina från Duvemåla vert i Moster Amfi, Bømlo 4. august 2021.

Grunna korona situasjonen vil det i fyrste omgang kun bli lagt ut 400 billettar per framsyning (kapasitet 1050), og det vil bli unummererte plassar. Ved endringar i restriksjonar vil det bli lagt ut fleire billettar. Høyr den fantastiske musikken på Spotify

Me ynskjer publikum hjarteleg velkommen til Moster Amfi, Europas vakraste utescene og til ei ny storslått musikaloppleving med Bømlo Teater

  • Last Updated: 18.02.2021
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Dates

on. 4. august 2021 21:00

to. 5. august 2021 21:00

fr. 6. august 2021 21:00

lø. 7. august 2021 21:00

sø. 8. august 2021 21:00

ti. 10. august 2021 21:00

on. 11. august 2021 21:00

to. 12. august 2021 21:00

fr. 13. august 2021 21:00

lø. 14. august 2021 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Kristina frå Duvemåla
Your Recently Viewed Pages