Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Southern Norway Arendal

Kulturdebatt og konsert med Sudan Dudan i Bakgården

Overview

«Arrangørens rolle i kulturens økosystem»  Kulturdebatt og konsert m/Sudan Dudan.  Anders Erik Røine og Marit Karlberg på vokal, gitar, langeleik og munnharpe.

Navn på debattanter følger senere. Etter debatten blir det konsert.

SUDAN DUDAN er ein duo med Anders Erik Røine og Marit Karlberg på vokal, gitar, langeleik og munnharpe. I september slepp dei sin fjerde fullengder så under Arendalsuka kan ein vente seg smakebitar av splitter nytt materiale pakka inn i gamle hits.

Musikalsk vekslar duoen naturleg og sømlaust mellom Jotunheimen, Sahara og Appalachene samstundes. Tydeleg inspirert av amerikansk ol´time og vestafrikansk ørkenblues lagar dei originale arrangement av norske folketonar i tillegg legg dei til både tekst og tonar som dei tykkjer manglar i originalen. Resultatet er eit fullendt, akustisk og vakkert univers der gamle historiar om riddarar, prestar, fattigfolk og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som dei eingong var…

Etter tre strålande utgjevingar, Sudan Dudan og Kari & Ola og «Inntil i dag» frå 2013 kjem det endeleg nye tonar frå duoen. Førre utgjeving «Inntil i dag», produsert av Odd Nordstoga i Propeller Studio, vart ein favoritt blant kritikarane i eit samla pressekorps, og låta «Susann» sneik seg inn på lista til Wimp/Tidal over årets beste norske låtar.

Sudan Dudan: https://www.youtube.com/watch?v=asXgafzopYo

Gratis inngang.

Arr: Arrangementskontoret/Arendalsuka/Arrangørforum/Nasjonal jazzscene/Riksscenen.

  • Last Updated: 26.07.2017
  • Source: Arendal Turistkontor
Dates

tors 17. august 2017 17:00

See All
Kulturdebatt og konsert med Sudan Dudan i Bakgården
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad