Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2025

Velkomen til det årlege kunstnarsleppet på Grimdalstunet.

Kjøp billetter her
Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2025
Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2025
Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2025
Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2025

Fredag 27. juni kl. 18.00 blir det offisiell opning av sommarutstillinga i regi av lokalstyret på Grimdalstunet. 

Vi er stolte over å presentere dei fire dyktige kunstmålarane Hilde Grønstad Sunde, Kari Rindahl Endresen, Violet Polsangi og Gunnar Birger Grunnvik. I tillegg viser Torleif Lie foto. På opninga om kvelden blir det samtale med kunstnarane. Vidare blir det musikk og song av solide, lokale krefter: William Gauslå, Siri Møller-Holst, Lavrants Grøstad Johnson og Vårin Prestegard Felland. 

Det er lurt å koma i god tid. Grimdalstunet er ope frå kl. 11, og rundt kl. 16 vil kunstnarane vera på Grimdalstunet. Då kan du rusle i fred og ro med kunstnarane, sjå salsutstillinga på førehand og ta ein tur innom den storslagne utstillinga om Draumkvædet måla av kunstmålar Karl Erik Harr. Det er så mykje å sjå på Grimdalstunet. I år har vi også eit bra utval i butikken, og i kafeen sel vi kjøtsuppe, kaffi, kaker denne kvelden. 

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomen til ein triveleg ettermiddag med kunstnarar, kunst, musikalske innslag, mat, drikke og ikkje minst gleda ved å møtast. Velkomen!

Helsing styret i Grimdalstunet.

NB: Sesongen på museet startar 25. juni.


Billetter

Sist oppdatert: 06/20/2025

Kilde: Vest Telemark

Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2025

Billetter

Sider du nylig har besøkt