Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Kunstutstillinga «ÅKLE» med Åsmund Haukelidsæter

Mer info

«ÅKLE» - salsutstilling på Dyre Vaa-samlingane, 25. juni til 15. august 2024.

Gjesteutstillar i sommar er Åsmund Haukelidsæter. Han blei fødd og vaks opp på Dalen i Telemark. No er han busett i Stavanger. 
Utstillinga består av tresnitt, ei grafisk form han er opptatt av, og ei form han tilnærmar seg stadig nye uttrykk i.

Åsmund Haukelidsæter er utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen og han har undervist ved Statens Kunstakademi i Oslo.
Han har deltatt i utstillingar i fleire kunstforeningar og galleri. Mange vil kanskje kjenne han att frå Rauland i 2012, Seljord i 2017 og fleire gonger på Vinjeutstillinga. I 2014-15 deltok han i gruppeutstillinga The Art of Norwegian Printmaking i både Rio de Janeiro og Sao Paulo i Brasil.

Me gler oss til denne salsutstillinga i det nyoppussa rommet ved sidan av Svallaug Svalastogas tresnittsamling.


Sist oppdatert: 07/03/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt